Foto:
Publisert 24.02.2010 av Silje Rognsvåg
Dansk ungdom ønskjer seg ein mobiltelefon dei kan snakke med som ein ven. - Dette er faktisk ikkje heilt urealistisk, seier professor ved Ålborg Universitet.
Heile 300 ungdommar svarte på spørjemålet ”kva skal din mobil kunne i framtiden?” i ein konkurranse ved universitetet i Ålborg i Danmark. Kriteria var originalitet eller eit godt problemløysande forslag.
- Dei kreative forslaga gav oss samtidig eit innblikk i kvardagen og problema mange av dei unge står oppe i. Mellom anna var det ein del som ønskja at mobilen i framtida vil kunne ”snakke tilbake til dei”, så mobilen kan bli ’venen’ deira, som dei kan søke dialog og råd hjå, fortel professor Knud Erik Skouby, leiar ved forskningssenteret for kommunikasjon, media og IT.
Snakkande mobil?
Han meiner at ein snakkande mobiltelefon ikkje er ein heilt urealistisk framtidsdraum.
- Det forskast allereie i dag på utviklinga av mellom anna ”den mobile butler”, kor mobilen er programmert med brukarens preferanser og hobbyer kombinert med GPS og internet. Når desse teknologiane koplast med ”tekst til tale”-teknologi, kunne mobilen kanskje bli ein god ven i framtida, forklarer Skouby.
Stor kreativitet
"Mobilen skal kunne ta bilde av klede, sko og møbler, og sende bildet til ei adresse som forteller kor ein kan kjøpe tingen."
Det er vinnarforslaget i konkurransen. Poenget er å raskt finne ut korleis ein kan få tak i dei kule skorne eller den fancy jakka du såg på ein ukjent person.
- Vi blei veldig overraska over kreativiteten som er utvist. Ein kreativitet som aldri var langt borte frå det teknologisk moglege. Somme hadde forslag til forbetring av funksjonalitet og design, og andre hadde forslag til framtidige tenester og applikasjonar, seier Skouby.
Andre plass gjekk til forslaget om simultantolkning: ”Mobilen skal kunne omsetje språk, slik at når ein til dømes snakkar med folk frå Japan, kan ein forstå kva dei seier og kanskje sjå dei samtidig, nett som ein kan med eit webcam”.
0 kommentar(er)
Legg inn kommentar