Foto: Richard Knights/VBSI

Moderniserer dei ti boda

Publisert 18.02.2010 av Silje Rognsvåg

Europeisk ungdom har redefinert dei ti bod og dei sju dødssyndene. Boda om å tilbe Gud åleine er bytt ut med å ha tru på seg sjølv og vere tolerant.


- Dei set seg sjølve i sentrum av livet, og er stolte av det, kommenterer Jarle Haugland i Ungdom & Medier. 
(Sjå dei nye boda nedst i saka). 

Han tykkjer det er bra at ungdommane viser at dei har stor sjølvtillit.

- Det er interessant å sjå at ungdomsgenerasjonen har klare reglar for livet, trass i kva ein skulle tru i ei postmoderne verd. Respekt for foreldre, ærlegdom og eit krav om å halde løfte, er gode verdiar dei har, seier Haugland.

Europeisk undersøking
Det er MTV som har forska på verdiar, håp og draumar blant unge mennesker i Europa. Målet var å finne ut korleis unge faktisk ser på seg sjølv kontra den negative framstillinga media gjev av dei. 7000 ungdommar i sju land var med i spørjeundersøkinga som tok fem månader og vart publisert i haust.

Resultatet er kalla ”Youthtopia” og er mellom anna ein redefinisjon av tradisjonelle verdiar som dei ti bod og dei sju dødssyndene. Dei sju moderne dødssyndene vert definert som rasisme, uærlegdom, mobbing, grådigheit, utruskap, sinne og misunning.

- Det handlar om å realisere seg sjølv, oppnå sitt fulle potensial, meiner Jarle Haugland.

Leiaren i Ungdom & Medier trur det kan vere utfordrande å sjå verda rundt seg når ein er så sjølvfokusert. 

Hovmod står for fall
- Stoltheit og begjær vert av ungdommen sett på som noko som kan brukast positivt og ikkje negativt, og er fjerna frå dødssyndene. Kvifor det?

- Når ein sjølv er sentrum i sitt eige univers, og livsmålet i stor grad handlar om sjølvrealisering, er det ein naturleg konsekvens at stoltheit og begjær er nødvendig for å oppnå sine mål. Å vere audmjuk og nøysam vil fungere dårleg i arbeidet med å utvide sitt univers, svarer Haugland.

Han meiner derimot ikkje at ungdom er meir sjølvfokuserte enn foreldra sine. 
- Begge parter set seg sjølve i sentrum, på samme tid som dei forventer at ein behandlar menneske rundt seg bra. I eit globalt perspektiv er det ikkje bra å stire på sin eigen navle, fordi vi treng ungdom som ser uretten rundt seg og kjempar mot den. I eit kristent perspektiv er det heller ikkje bra å setje seg sjølv i sentrum, der skal Gud vere. Det er til vårt eige beste at Gud skal vere Gud, og ikkje vi, meiner Haugland. 

Moderne ungdom sine ti bod 
1. Tru på deg sjølv
2. Respekter dine foreldre
3. Vêr ærleg
4. Ta ansvar for ditt eige liv
5. Lev livet til det fulle og vêr lidenskapleg
6. Hald løfta dine
7. Jobb hardt for å lukkast, men ikkje på bekostning av andre
8. Vêr tolerant overfor andre sine ulikskapar
9. Vêr glad og optimistisk, sjølv i motgang/
10. Skap, ikkje øydelegg



0 kommentar(er)

Legg inn kommentar

 

The Blind Side

- The Blind Side portretterer to ytterkanter av kristendommen, skriver Eivind Algrøy om den prisvinnende filmen.

 >  Flere saker fra kulturvinduet
Hva skjer
 
>Se hele kalenderen





   Pornokirken.no

Kontakt oss
Familie & Medier - Kristent medieforum
Fjøsangerveien 45
5054 Bergen

Postadresse:
Postboks 2420 Solheimsviken
5824 Bergen

56 31 40 50 
post@fom.no

Jarle Haugland, leder i Ungdom og Medier
90 14 17 32
jarle@fom.no