Foto: hellori@sxc.hu
Publisert 03.03.2010 av Silje Rognsvåg
No kan du betale små pengesummar direkte til vener på Facebook via applikasjonen Buxter. - Folk deler status, informasjon og bilder på Facebook, så kvifor ikkje dele pengar også, seier opphavaren.
- Vi håper at folk kan nytte tenesta til å betale kvarandre for felles utgifter som kinobillett og restaurantvitjing, seier
Christian von Hammel-Bonten, senior visepresident hjå ClickandBuy som står bak applikasjonen.
Buxter skal også gjere det lettare å betale for kommersielle tenester i nettverket.
- Dette er mykje enklare enn å måtte betale gjennom nettbanken din. Bare eit par klikk og du kan sende eller etterspørje pengar, så lett som overhovudet mogleg, seier visepresidenten.
Små kontoar
Transaksjonar mellom Buxter-kontoar er gratis, men skal du flytte pengar til ein bankkonto må du betale rundt to euro i avgift. Dessutan vert transaksjonar av andre valutaer enn euro og amerikanske dollar belasta med ein avgift på fem prosent.
Det er ikkje lov å ha meir enn 50 euro på Buxter-kontoen, så det leggjast ikkje til rette for dei store betalingane. I tillegg kan overføringar bare gjerast mellom Facebook-kontaktar.
- Vi prøver ikkje å konkurrere med nasjonale banksystem. Dette er ikkje staden å betale for straum og husleige, seier han.
Sosial økonomi
- Facebook er i ein overgang frå å vere eit reint sosialt nettverk til å bli ein "sosial økonomi", meiner von Hammel-Bonten.
Han peikar på at ein allereie oppnår virtuelle goder i Facebook-spel, og trur det i framtida vil bli meir kommersiell aktivitet på plattforma.
Kjelder: BBC news og Buxter Blog
0 kommentar(er)
Legg inn kommentar